tirsdag 5. april 2011

Fyrste tur med Hareidlandet trilleturlag!

Etter inspirasjon få Bergen turlag (DNT), startar eg no opp eit trilleturlag på Hareidlandet! Det er kjekt å gå tur saman med andre heimeverande:) Dette er også ei ypperlig anledning til å få oppleve nye turområder på øya vår! Vi legg opp til amme- og matpause dersom det er naudsynt. Det blir i utgangspunktet arrangert tur annankvar onsdag, med fyrste tur onsdag 13.april. Det er sjølvsagt fint mogleg å vere med på turane utan vogn, men vi kjem til å halde eit "vaksentempo" på turane:)

Vi møtast 13.april på parkeringsplassen ytterst på Flø og går ut til "storesteinen"...dette er ein enkel og lett tur å starte med:) Alle er velkomne!:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar