tirsdag 26. april 2011

Minner om tur i morgon!

Oppmøte kl 11.00 på Hareid bedehus. Vi tek ein tur opp til Grimstadvatnet, og dei som ynskjer kan vere med på å gå rundt vatnet i tillegg:) Det er meldt nydeleg ver, så då er det berre å ta beina og vogna fatt!:) Velkomen!

torsdag 14. april 2011

Fyrste tur

Då er fyrste tur vel gjennomført:) Flø var som alltid vakkert!! Vi satsar på at fleire blir med neste gong:) Neste tur er onsdag 27.april rundt Grimstadvatnet. Vi møter ved Hareid bedehus kl 11.00. Turen går i flatt terreng, og er mellom 7-8 km lang. Vel møtt alle som kan!:)

tirsdag 12. april 2011

Klokkeslett

Hadde gløymt å skrive klokkeslett for oppmøte...vi møter kl 11.00 på parkeringsplassen ytterst på Flø! Sjåast:)

tirsdag 5. april 2011

Fyrste tur med Hareidlandet trilleturlag!

Etter inspirasjon få Bergen turlag (DNT), startar eg no opp eit trilleturlag på Hareidlandet! Det er kjekt å gå tur saman med andre heimeverande:) Dette er også ei ypperlig anledning til å få oppleve nye turområder på øya vår! Vi legg opp til amme- og matpause dersom det er naudsynt. Det blir i utgangspunktet arrangert tur annankvar onsdag, med fyrste tur onsdag 13.april. Det er sjølvsagt fint mogleg å vere med på turane utan vogn, men vi kjem til å halde eit "vaksentempo" på turane:)

Vi møtast 13.april på parkeringsplassen ytterst på Flø og går ut til "storesteinen"...dette er ein enkel og lett tur å starte med:) Alle er velkomne!:)