søndag 29. mai 2011

Neste tur!

Neste tur blir onsdag 8.juni kl 11.00. Då møter vi ved den nedlagde butikken i Hjørungavåg, og går til gamleåsen. Vi satsar på nyyydeleg ver!:) Velkomen!!

torsdag 19. mai 2011

Då skal låra trenast!;)

Tusen takk for super tur rundt Dimnøya i vakkert vårver! No har vi også prøvd å ha ammepause på tur, og det gjekk veldig fint:)

Neste tur blir komande onsdag (25.mai) på veien opp mot Hasundhornet. Vi møter ved parkeringsplassen der den gamle trafostasjonen stod før, og går oppover bakkane så langt vi orkar!:) For dei som har bæretøy og ynskjer ein lenger tur, går det an å gå vidare opp til Hasundhornet. Velkomen på onsdag kl 11!:)

Ps! Vi tek det i det tempoet vi ynskjer/klarer! Ikkje føl at du må vere i god form for å bli med, alle er velkomne!!:)

torsdag 5. mai 2011

Då e vi i gong!

Kjempebra oppmøte på forrige tur som gjekk rundt Grimstadvatnet:) kjekt! Neste tur er onsdag 11.mai. Då går vi rundt Dimnøya, og møter opp på Straumane kl 11.00. Turen er på ei knapp mil, og går i flatt og fint terreng. Vi tek mate- og ammepause dersom det er behov!:) Velkomen!