Hareidlandet trilleturlag
mandag 5. september 2011
Tur på Eika!
Fyrstkomande onsdag (7.september), går turen til Eika! Vi håpar på fint ver, og møtast kl 11 ved parkeringsplassen ved Eiksundtunnellen! Vel møtt alle som kan og vil!:)
onsdag 24. august 2011
Då er vi i gong!:)
Då er vi i god gong med nye trilleturar!!:) Veldig kjekt å treffast igjen etter ein lang ferie. Onsdag 31.august blir det tur i Hjørungavåg. Vi møtast kl 11 ved den nedlagde butikken:) Både "nye og gamle" er hjarteleg velkomen!!:)
tirsdag 21. juni 2011
Tur i dag!
Litt seint oppdatert her, men i dag er det altså tur på eidet! Vi møtast kl 11 ved aktivsenteret i Varleite!:) Snakkast!
søndag 29. mai 2011
Neste tur!
Neste tur blir onsdag 8.juni kl 11.00. Då møter vi ved den nedlagde butikken i Hjørungavåg, og går til gamleåsen. Vi satsar på nyyydeleg ver!:) Velkomen!!
torsdag 19. mai 2011
Då skal låra trenast!;)
Tusen takk for super tur rundt Dimnøya i vakkert vårver! No har vi også prøvd å ha ammepause på tur, og det gjekk veldig fint:)
Neste tur blir komande onsdag (25.mai) på veien opp mot Hasundhornet. Vi møter ved parkeringsplassen der den gamle trafostasjonen stod før, og går oppover bakkane så langt vi orkar!:) For dei som har bæretøy og ynskjer ein lenger tur, går det an å gå vidare opp til Hasundhornet. Velkomen på onsdag kl 11!:)
Ps! Vi tek det i det tempoet vi ynskjer/klarer! Ikkje føl at du må vere i god form for å bli med, alle er velkomne!!:)

torsdag 5. mai 2011
Då e vi i gong!
Kjempebra oppmøte på forrige tur som gjekk rundt Grimstadvatnet:) kjekt! Neste tur er onsdag 11.mai. Då går vi rundt Dimnøya, og møter opp på Straumane kl 11.00. Turen er på ei knapp mil, og går i flatt og fint terreng. Vi tek mate- og ammepause dersom det er behov!:) Velkomen!
tirsdag 26. april 2011
Minner om tur i morgon!
Oppmøte kl 11.00 på Hareid bedehus. Vi tek ein tur opp til Grimstadvatnet, og dei som ynskjer kan vere med på å gå rundt vatnet i tillegg:) Det er meldt nydeleg ver, så då er det berre å ta beina og vogna fatt!:) Velkomen!
Abonner på:
Innlegg (Atom)